Historia om klubben

Etablert i 1998

Nordfjord Taekwondo Klubb, San Soo In, blei starta i 1998 av vår master Peter. Dei fyrste åra brukte klubben gymsalen på Stårheim skule og etter kvart blei treninga flytta til Nordfjordeid.

ChoWoonSup.jpgKlubben fikk eit koreansk navn, San Soo In. Navnet blei gitt av grandmaster Cho Woon Sup. San Soo In betyr fjell, vatn og menneske og skal symbolisere staden vi bur på, Nordfjord.

Klubben er medlem av Traditional Taekwondo Union, som blei grunnlagt av grandmaster Cho, og man har hatt god kontakt med ham i alle år. Grandmaster Cho har også gjentatte ganger vore på Nordfjordeid og holdt treningshelger. Klubben er og medlem av Norges Idrettsforbund og Norges Taekwondo Forbund.

Master Peter

Peter_River.jpgPeter har vore hovedinstruktør i alle år. Han starta med Taekwondo i 1973 i Tyskland og tok sitt første svartbelte i 1980 hos grandmaster Kwon Jae Hwa.

Peter flytta til Norge i 1988 til Flisa i Hedmark. Han blei veldig overraska over at det fantes ein Taekwondo Klubb der og han starta å trene hos master Terje Sletten. Peter tok 4. Dan (master) hos grandmaster Cho i 2011.

Treninga i klubben har alltid vore prega av tradisjonell Taekwondo trening. Her blir alle delar av Taekwondo praktisert; grunnteknikk, mønster, kamp, knusing, sjølvforsvar og meditasjon.

Klubben fikk ein skikkelig oppsving, når Knut Mostad blei med og ordna alle administrative oppgåver. Vi fikk eit eige klubbmerke og vi hadde stabilt antall medlemmar i mange år. Det var eit stort tap for klubben når Knut flytta frå Eid.

Avdeling Hornindal

Vi har også ei gruppe som trenar i Hornindal. Instruktøren der er Susanne Prøven Tangen. Susanne har lang fartstid i Taekwondo og solid erfaring fra kamp og konkurranse. Hun begynte å trene i Solør også hos master Terje Sletten.

Snart jubilant…

Klubben er 20 år i år og det har vore mange barn og ungdomar innom klubben. Nokon har vore med ei lita stund medan andre har vore med i mange år. Nokon har til og med klart å gradere seg til svart belte, eller graden like før.

No har vi på nytt starta med eit nytt barneparti. Treninga er hovedsakelig lagt opp for barn, men foreldre er også velkomne til å delta. Det er alltid veldig kjekt å ha fellestrening med barn og voksne.